Hopp til innhold
X
Innhald

Tvistemål

Tvistemål, sivile saker som blir handsama ved domstolane, altså saker som ikkje er straffesaker. Sivile saker er mellom anna saker om erstatning, om familieforhold, om arv, om gyldigheit og innhald i avtalar, om gyldigheit og innhald i vedtak som er gjorde av det offentlege osb. Saker om straff blir førte mellom påtalemakta som representant for staten og ein sikta eller tiltala med krav om til dømes fengsel eller bot.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012