Hopp til innhold
X
Innhald

Ulempeerstatning

Ulempeerstatning, juridisk omgrep som kan vise til to ting. For det første kan det vere snakk om den delen av ei ekspropriasjonserstatning som skal kompensere det verditapet ekspropriasjonstiltaket påfører resteigedomen, som til dømes støy, trafikk og forureining. For det andre kan det vere snakk om erstatninga i eit naboforhold når det på naboeigedomen blir drive verksemd som er urimeleg til skade eller ulempe.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012