Hopp til innhold
X
Innhald

Veto

Veto (av latin vetare, ’forby’), uttrykk som tyder «eg forbyr». Med dette ordet kunne dei romerske folketribunane stoppe eit vedtak i senatet. Seinare har ordet gått over til å mellom anna tyde statssjefen sin rett til å nekte godkjenning av vedtak i nasjonalforsamlinga, ved å leggje ned veto mot det.
Absolutt veto er endeleg, medan suspensivt eller utsetjande veto berre gjeld for ei viss tid.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012