Hopp til innhold
X
Innhald

Agent

Agent, sjølvstendig mellommann som arbeider for ein oppdragsgivar utan å vere tilsett hos eller direkte underordna denne. Ein handelsagent er ein sjølvstendig mellommann som i næringsverksemda si etter avtale med hovudmannen formidlar kjøp og sal av varer, innhentar bestillingar eller inngår avtalar på vegne av denne. Handelsagentar har eige kontor (agentur) og er underlagde nærare reglar i agenturlova av 1992.
 
Elles er agent ei nemning på eit dataprogram som gjer søk i store databasar etter visse kriterium, oftast automatisk. Ved hjelp av slike system kan brukarane «bestille» den informasjonen dei vil ha levert elektronisk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012