Hopp til innhold
X
Innhald

Akkord

Akkord, avtale mellom arbeidsgivar og arbeidstakar om utføring av arbeid med ei viss godtgjersle per eining (stykk, vekt, mål e.l.), i motsetnad til godtgjersle som blir betalt per tidseining (timeløn, vekeløn, månadsløn).
 
Omgrepet blir også brukt om ei gjeldsordning mellom debitor og kreditor i forlenging av konkursforhandling eller for å avverje ein konkurs. Tvangsakkord kan bli vedteke av eit kvalifisert fleirtal blant kreditorane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012