Hopp til innhold
X
Innhald

Allmennaksjelova

Allmennaksjelova, lov av 1997 som gir reglar for allmennaksjeselskap. Ho omtalar mellom anna stifting av allmennaksjeselskap og organisasjonsforma deira, med reglar om at aksjeeigarane gjennom generalforsamlinga utøver det øvste myndet i selskapet og vel styret så sant ikkje selskapet har bedriftsforsamling. Lova regulerer dessutan kapitalforhold, utbyte til aksjeeigarane, fusjon, fisjon, oppløysing osb.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012