Hopp til innhold
X
Innhald

Anbodskonkurranse

Anbodskonkurranse, formalisert prosedyre for å få i stand kjøps- eller oppdragsavtalar. Før anbodsfristen hentar oppdragsgivaren inn anbod frå interesserte oppdragstakarar. Anbodsinnbydaren vel som hovudregel fritt kva for anbod ein skal gå vidare med, eller om ein skal forkaste alle. Anbodskonkurransar er vanlege ved større byggje- eller leveransekontraktar. EØS-avtalen krev at ein skal lyse ut visse offentlege innkjøp i heile EØS-området.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012