Hopp til innhold
X
Innhald

Åndsverk

Åndsverk, litterært, vitskapleg eller kunstnarisk verk av alle slag og uansett uttrykksmåte og uttrykksform, som til dømes skrifter, munnlege foredrag, sceneverk, musikkverk, måleri, skulpturar, bygningskunst, kunstindustri, kart, filmverk (medrekna videogram) samt omsetjingar og tilretteleggingar av slike verk.
 
Skaparen av åndsverk har opphavsrett i samsvar med åndsverklova av 1961, med hovudregelen i § 2 om einerett til å råde over verket ved å framstille eksemplar av det og ved å gjere det tilgjengeleg for publikum i opphavleg eller endra form, i omsetjing eller tilrettelegging, i annan litteratur- eller kunstart, eller i annan teknikk.
 
Opphavsretten kan heilt eller delvis bli overdregen til andre, men er halden unna kreditorbeslag. Han varer i opphavsmannen si levetid og 70 år etter utløpet av dødsåret hans.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012