Hopp til innhold
X
Innhald

Ansvarsforsikring

Ansvarsforsikring, forsikring av økonomisk ansvar som den sikra kan pådra seg overfor tredjemann. Slik forsikring kan vere frivillig eller påboden i visse forhold (advokatar, eigedomsmeklarar, bileigarar osb.). Forsikringa blir teikna som ei separat forsikring eller bygd inn i kombinerte forsikringar (til dømes heimforsikring).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012