Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeidsløn

Arbeidsløn, betaling for arbeid som er utført for ein arbeidsgivar. Dette kan vere naturalløn (mat, losji o.l.) eller pengeløn, dvs. tidsløn (time-, veke- eller månadsbetaling) eller akkordløn (fast beløp avtala for eit visst arbeid). Minsteløn for ein type arbeid kan vere fastsett ved lov eller tariffavtale. Normalløn er eit uttrykk for det alminnelege lønsnivået i ein bransje innanfor ein tariffperiode. I høve til prisnivået snakkar ein om nominell løn og realløn. Det første er løna målt i pengar, og det andre er målt i kva ein får kjøpt for pengane etter som mellom anna prisnivået skiftar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012