Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeidstvist

Arbeidstvist, tvist mellom ei fagforeining og ein arbeidsgivar eller ei arbeidsgivarforeining om lønsvilkår og andre arbeidsvilkår. Dersom tvisten kjem av usemje om ein tariffavtale er gyldig eller ikkje, korleis ein skal forstå avtalen eller om han i det heile teke er inngått, blir tvisten kalla ein rettstvist. Gjeld tvisten krav om endring i ein tariffavtale som er utgått eller oppretting av ein heilt ny tariffavtale, blir tvisten kalla ein interessetvist. Rettstvistar kan ein ikkje søkje løysing på ved nedlegging av arbeid, streik eller stenging av arbeid (lockout). Dei må ein derimot føre inn for arbeidsretten dersom ein ikkje kan løyse dei gjennom forhandlingar. Dreier det seg om ein interessetvist, kan partane i tillegg gå til streik eller lockout når den opphavlege tariffavtalen er utgått. Riksmeklingsmannen kan likevel forby arbeidsstans før offentleg mekling har vore prøvd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012