Hopp til innhold
X
Innhald

Årsrekneskap

Årsrekneskap, rekneskap som omfattar all næringsverksemd som den rekneskapspliktige har drive. Det omfattar resultatrekneskap, balanse og meir. Alle rekneskapspliktige næringsdrivande skal etter rekneskapslova av 1998 utarbeide årsrekneskap for kvart rekneskapsår. Dette skal ein saman med kommentar frå revisor sende til det sentrale Rekneskapsregisteret i Brønnøysund.
Årsrekneskap er normalt offentleg tilgjengelege.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012