Hopp til innhold
X
Innhald

Arvepakt

Arvepakt, ein disposisjon frå testator der ho/han binder seg til ikkje å opprette testament eller til ikkje å tilbakekalle eller endre eit testament som allereie er oppretta. Ei arvepakt må vere oppretta i same form som eit testament, og ho er bindande for testator. Arvepakta kan vere oppretta mot ei yting frå arvingen si side, til dømes pleie og omsorg ved sjukdom og liknande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012