Hopp til innhold
X
Innhald

Avkorting

Avkorting, den tilgangen ein person som etterlèt seg arv, har til å gjere frådrag i arv til livsarvingar for ytingar som vart gjorde medan vedkomande var i live. Avkorting kan berre skje ved større gåver når dei andre livsarvingane ikkje har fått tilsvarande verdiar.
 
Omgrepet blir også brukt om den tilgangen forsikringsselskapa har til å gjere frådrag i forsikringserstatninga når den sikra har valda skaden med forsett eller grov aktløyse, jf. «lov om forsikringsavtaler» av 1989.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012