Hopp til innhold
X
Innhald

Avtale

Avtale, gjensidig eller einsidig juridisk forplikting som er basert på ein skriftleg eller munnleg lovnad frå den eine eller begge partar.

Munnlege avtalar er like bindande som skriftlege når lova ikkje seier noko anna. Tilbod forpliktar overfor adressaten, sjølv om denne endå ikkje har akseptert tilbodet.
 
Ein skil mellom gjensidig forpliktande avtalar, der ein ytar skal prestere noko som bestillaren skal betale for (til dømes kjøpsavtalar), råme- og hovudavtalar, som legg grunnlaget for individuelle enkeltavtalar (til dømes tariffavtalar i arbeidslivet), og selskaps- og interessentskapsavtalar, der partar med felles eigarinteresser regulerer samarbeidsforholdet (til dømes selskapsvedtekter).
 
Urimelege avtalar kan bli lempa av domstolane, jf. avtalelova § 36, og urimelege vare- og tenestevilkår i forbrukarforhold kan bli forbodne av Forbrukarombodet og Marknadsrådet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012