Barneombod
Barneombod, ombod som skal fremje interessene til barn overfor det offentlege og private, og skal følgje med i oppvekstkåra til barn.
Barneombod, ombod som regjeringa etter lov av 1981 skal oppnemne for fire år om gongen. Det har til oppgåve å fremje interessene til barn overfor det offentlege og private, og skal følgje med i utviklinga av oppvekstkåra til barn. Administrasjonen ligg under Barne- og likestillingsdepartementet.
Som det første barneombodet i Noreg, og verda, fungerte Målfrid Grude Flekkøy (1981–89). Andre barneombod har vore Trond Viggo Torgersen (1989–95), Trond Waage (1996–2004) og Reidar Hjermann (2004–2012). Anne Lindboe tok til i 2012.
Peikarar
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012