Hopp til innhold
X
Innhald

Barnevern

Barnevern, saksområde som er regulert i barneverntenestelova av 1992 som har som føremål å sikre at barn og unge ikkje lever under forhold som kan skade helsa eller utviklinga deira, å gi nødvendig hjelp og omsorg til rett tid samt å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Den kommunale barnevernstenesta omfattar ein administrasjon og ein leiar. Avgjerdsmakta til kommunen er lagd hit. Det er opp til den enkelte kommunen å avgjere om ein skal leggje oppgåvene til eit folkevalt organ (til dømes eit barnevernsutval).
 
På kommuneplan gjer ein vedtak om frivillige hjelpetiltak og ein gir råd og rettleiing. Alle tvangsvedtak (til dømes pålegg om hjelpetiltak, medisinsk undersøking og behandling, saker om omsorgsovertaking osb.) blir gjorde av ei fylkesnemnd. Fylkesnemnda er eit frittståande organ som er samansett av både juridisk og sakkunnig kompetanse i tillegg til lekfolk. Vedtak som er gjorde her kan bli førte inn for domstolane. Vedtak som er gjorde av barnevernstenesta i kommunen, kan bli klaga inn til fylkesmannen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.07.2012
Sist oppdatert: 04.07.2012