Hopp til innhold
X
Innhald

Bibliotekvederlag

Bibliotekvederlag (tidlegare kalla bibliotekavgift), vederlag som blir ytt til forfattarar og andre opphavsmenn som har verk til utlån på offentlege bibliotek, jf. lov av 1987. Midlane blir årleg løyvde over statsbudsjettet, og dei blir betalte til fond som er forvalta av opphavsmannsorganisasjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.07.2012
Sist oppdatert: 04.07.2012