Hopp til innhold
X
Innhald

Bidragsplikt

Bidragsplikt, plikt til å yte eit pengemessig bidrag i familieforhold, gjerne i form av visse avtala eller offisielt fastsette månadsbeløp. Den gjensidige forsorgsplikta til ektefellane, som går fram av ekteskapslovgivinga, kan ved separasjon eller skilsmisse bli gjord om til bidragsplikt. Denne blir avgjord i samband med separasjons- eller skilsmissesaka.
 
Den forsorgsplikta foreldra har overfor ungane sine kan på same måten kome til uttrykk i plikt til å betale barnebidrag for den av ektefellane som ikkje bur saman med barnet. Bidrag kan i regelen bli drivne inn utan søksmål og dom, og barnebidrag kan ein i tillegg drive inn ved pålegg om lønnstrekk i inntekta til den som er bidragspliktig.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.07.2012
Sist oppdatert: 04.07.2012