Dagmulkt er eit beløp som er avtala på førehand som ein leverandør eller entreprenør skal betale per dag ved forseinka oppfylling i kjøps-, tilverkings- eller entrepriseforhold. Ordninga med dagmulkt følgjer dels av lov, dels av avtale mellom partane og dels av kutyme.

Faktaboks

Også kjend som

dagsmulkt

Etter bustadoppføringslova har den som skal overta ein ny bustad, rett til å kreve dagmulktar av entreprenøren om bustaden ikkje er ferdig til avtalt tid. Lova inneheld også satsar for storleiken på dagmulkten, og heimel for å avtale større dagmulktar. Det finst også retningsliner for bruk av dagmulktar i standardkontraktar for entreprise. Sjå elles konvensjonalbot.

Dagmulkt må ikkje forvekslast med dagsbot.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg