Hopp til innhold
X
Innhald

Dødsdisposisjonar

Dødsdisposisjonar, disposisjonar som har som føremål å ordne eller fordele formuen til ein person etter at ho/han er død. Desse må som hovudregel ha form som eit testament, og dei må ikkje krenkje det kravet livsarvingane har på pliktdelsarv. Ein typisk dødsdisposisjon vil vere ei gåve som mottakaren først kan krevje oppfylt når givaren er død.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012