Hopp til innhold
X
Innhald

Ekteskap

Ekteskap, samlivspakt mellom to personar av motsett eller same kjønn. 

Ekteskap blir inngått ved kyrkjeleg eller borgarleg vigsel. Ekteskap kan berre skje etter eigen fri vilje og med eige samtykke.

I Noreg kan prestar i Den norske kyrkja og forstandarar og seremonileiarar i trus- og livssynssamfunn som får offentleg tilskott vie ektefolk. I tillegg er det mogleg å inngå offentleg vigsel. Dette blir i daglegtale ofte kalla «borgarleg bryllaup» eller «å gifte seg borgarleg». Tidlegare var det domstolane og utanriksstasjonane som kunne gjere dette. No er det kommunane, sysselmannen på Svalbard og utanriksstasjonane. I kommunane har ordførar og varaordførar mynde til å vie ektefolk. I tillegg kan kommunen oppnemne folkevalde og tilsette som då får denne retten.

Kven kan gifte seg i Noreg?

Frå 1.1.2009 vart det tillat for likekjønna å gifte seg i Noreg, og både ekteskap av motsett eller same kjønn kjem under ekteskapslova.

Etter ekteskapslova av 1991 kan den som er under 18 år, ikkje inngå ekteskap utan samtykke frå den eller dei som har foreldreansvaret, og løyve frå Fylkesmannen. Fylkesmannen kan ikkje gi løyve til personar under 16 år. Personar som er gjorde umyndige, kan ikkje inngå ekteskap utan samtykke frå verja. Nektar nokon av desse utan rimeleg grunn, kan Fylkesmannen likevel gi samtykke.

Lova har vidare reglar om kva det har å seie at nokon av ektefolka har ei alvorleg sinnsliding eller lid av alvorleg psykisk utviklingshemming, reglar om slektskap som hinder for ekteskap samt reglar om opplysningsplikt om seksuelt overførbare sjukdommar før ein inngår ekteskap. Ein utanlandsk statsborgar må ha lovleg opphald i Noreg for å gifte seg i landet.

Ekteskap blir inngått ved kyrkjeleg eller borgarleg vigsel. Ein vigslar kan i nokre tilfelle nekte å gjennomføre ein vigsel. Det kan vere om ein av dei som skal gifte seg ikkje er medlem av trussamfunnet dei blir vigsla i, dersom ein av dei som skal gifte seg er skild og den tidlegare ektefellen framleis er i live, og dersom dei som skal gifte seg er av same kjønn. 30. januar 2017 vedtok Kyrkjemøtet ein kjønnsnøytral vigselliturgi i Den norske kyrkja. 

Kjelder

Lov om ekteskap (ekteskapslova), sist endra 1.1.2018: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1991-07-04-47 [lesedato 4.1.2018]

«Vilkår for ekteskap», regjeringen.no, sist oppdatert 25.11.2014: https://www.regjeringen.no/no/tema/familie-og-barn/innsiktsartikler/ekteskap-og-samliv/mer-informasjon-om-ekteskap/id672620/ [lesedato 27.4.2017]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 10.06.2018