Hopp til innhold
X
Innhald

Endossement

Endossement (av fransk), forpliktande overdraging av sjekk, veksel eller vekselobligasjon ved at overdraginga blir skriven på dokumentet. Den som overdreg (endossenten), heftar overfor den som ervervar (endossataren), for den aktuelle fordringa eller pålydande med tillegg for renter og kostnader.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012