Hopp til innhold
X
Innhald

Felleseige

Felleseige, formuesfellesskapet mellom ektefellar. Lova opererer med felleseige som den hovudregelen ektefellane uttrykkjeleg må fråvike ved ektepakt for å oppnå særeige. Det ektefellane skaffar seg når dei inngår ekteskap eller seinare, blir felleseige når ikkje anna er avtalt eller følgjer av ekteskapslova av 1991. Sjå elles skeivdeling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 05.08.2012