Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskerett

Fiskerett, retten til fiske i sjø eller vassdrag. Grunneigaren har som hovudregel eineretten til fiske på sin eigedom, men vidfemnande unntak følgjer av ordninga med fiskekort, fiskerett i sameigestrekningar, fiskerett ifølgje hevd og sedvane osb. Reglar om fiske finn ein i lov om laksefiske og innlandsfiske av 1992, i fjellova av 1975 og i allmenningslovgivinga av 1992.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012