Hopp til innhold
X
Innhald

Fjernsynsovervaking

Fjernsynsovervaking, vedvarande eller regelmessig gjenteken personovervaking ved hjelp av fjernstyrt eller automatisk fjernsynskamera eller fotoapparat. Dette er berre tillate dersom det er sakleg grunngitt utifrå omsynet til verksemda i det organet eller føretaket som utfører overvakinga. Opptaka skal slettast når det ikkje lenger er sakleg grunn for oppbevaring. Fjernsynsovervaking av offentleg stad eller arbeidsplass skal vere varsla med skilt eller på annan tydeleg måte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012