Hopp til innhold
X
Innhald

Fjernvarme

Fjernvarme, energitype som inneber frakting av varmen frå produksjonsstaden til forbruksstaden. Fjernvarmeforsyning som er underlagd konsesjon, er nærare regulert i energilova av 1990. Pris for fjernvarme blir rekna ut som tilknytingsavgift, fast årleg avgift og pris for bruk av varmen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012