Hopp til innhold
X
Innhald

Forlik

Forlik, minneleg ordning som er oppnådd ved avtale i eller utan tilknyting til søksmål (rettsleg og utan rettsleg forlik). Eit stort tal rettstvistar blir avgjorde ved forlik, gjerne etter såkalla forliksforhandlingar mellom partane. Før hovudforhandlinga skal ein søkje å oppnå ei minneleg ordning mellom partane gjennom forhandlingar i forliksrådet. Eit rettsleg forlik har i hovudsak same verknad som ein sivil dom.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012