Hopp til innhold
X
Innhald

Gjeldsordning

Gjeldsordning, ordning ein skuldnar som varig er ute av stand til å oppfylle gjeldsforpliktingane sine, kan oppnå, jf. lov av 1992. Lova tek sikte på å hjelpe privatpersonar som er i gjeldskrise. Det er ein føresetnad at skuldnaren sjølv har forsøkt å kome til ei ordning med kreditorane før søknad om gjeldsordning blir sett fram for namsmannen. Gjeldsordninga kan vere frivillig (avtale med kreditorane) eller tvungen (stadfesting ved namsretten).
 
Ein gjeldsordningsperiode er normalt 5 år, og i denne perioden skal skuldnaren leve på eit absolutt minimum. Det inneber mellom anna at arbeidsinntekt utover det ein treng til livsopphald, blir lagt band på og fordelt til kreditorane. Luksusgjenstandar blir selde, og rimelegare bustad blir skaffa dersom den gamle bustaden overgår det rimelege behovet til skuldnaren.
 
Ei frivillig gjeldsordning kan gå ut på mellom anna betalingsutsetjing eller ettergiving av gjeld og renter heilt eller delvis. Ei tvungen gjeldsordning medfører at skuldnaren etter gjeldsordningsperioden blir friteken frå restgjelda, likevel med nokre unntak for mellom anna pantesikra gjeld.
 
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2012
Sist oppdatert: 06.08.2012