Hopp til innhold
X
Innhald

Kommisjon

Kommisjon, ord som kan vise til fleire ting. For det første kan omgrepet bli brukt om ein komité eller eit utval med eit visst oppdrag, til dømes ein undersøkingskommisjon.
 
Vidare kan omgrepet vise til sal eller kjøp av varer, verdipapir eller lausøyre i eige namn, men for ein framand si rekning. Kommisjonæren opptrer utetter i høve til ein intern kommisjonsavtale med kommittenten og oppnår godtgjersle i form av provisjon. Eit næringsmessig kommisjonsforhold blir kalla handelskommisjon. Nærare reglar finn ein i kommisjonslova av 1916.
 
Dessutan blir omgrepet også brukt om godtgjersle til ein meklar eller annan mellommann.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2012
Sist oppdatert: 06.08.2012