Hopp til innhold
X
Innhald

Konkurskarantene

Konkurskarantene, den manglande retten ein konkursdebitor har til å stifte selskap, ta på seg styreverv og liknande i eit tidsrom på to år rekna frå konkursopninga, jf. lov om gjeldsforhandling og konkurs av 1984.
 
Karantene er ikkje ei automatisk følgje av konkursen, men kan mellom anna bli vedteke dersom debitoren har vist seg «uskikka» til styreverv eller liknande. Karantene blir vedteke av tingretten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2012
Sist oppdatert: 06.08.2012