Hopp til innhold
X
Innhald

Kumulasjon (juridisk)

Juridisk vil kumulasjon seie at fleire krav kan handsamast i same saka i sivilprosessar.

Viss desse krava vert reiste mellom dei same partane, vert tilhøvet kalla objektiv kumulasjon. Vert det reist fleire krav mot fleire saksøkte, eller om fleire saksøkjarar rettar fleire kvar sine krav mot same saksøkte, vert tilhøvet kalla subjektiv kumulasjon.

Kumulasjon er òg eit omgrep brukt innan politikken og medisin, sjå kumulasjon (politisk) og akkumulasjon (medisinsk).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.01.2013
Sist oppdatert: 06.08.2015