Hopp til innhold
X
Innhald

Lemping

Lemping, omgrep med fleire bruksområde. Lemping av avtalevilkår vil seie at ein heilt eller delvis set til side eller endrar ein avtale eller avtalevilkår som det ville verke urimeleg eller vere i strid med god forretningsskikk å gjere gjeldande, jf. avtalelova § 36.
 
Lemping av erstatning er utmåling av ei erstatning som gir mindre enn full og heil dekning av tapet for den skadelidne, jf. skadeerstatningslova av 1969.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2012
Sist oppdatert: 06.08.2012