Hopp til innhold
X
Innhald

Løpande mulkt

Løpande mulkt, tvangsmiddel overfor saksøkte under tvangsfullføring av krav som går ut på anna enn pengar. Den som skal gjere noko som ikkje kan bli gjort utan at vedkomande medverkar, kan av namsretten bli pålagd ei løpande mulkt for kvar dag eller veke som går utan at ho/han oppfyller plikta si. Mulkta går til statskassen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2012
Sist oppdatert: 06.08.2012