Hopp til innhold
X
Innhald

Oljesølansvar

Oljesølansvar, ansvar for forureiningsskade som er valda ved utstrøyming eller utslepp av olje frå skip eller offshoreinnretning. Oljesølansvaret ligg i tankfart på eigaren av fartøyet, og det gjeld utan omsyn til skuld.
 
I oljeindustrien ligg oljesølansvaret på rettshavarane, jamfør petroleumslova av 1996, og det gjeld utan omsyn til utvist skuld (objektivt ansvar). Ansvaret vil ikkje kunne bli avgrensa slik som i skipsfart.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012