Hopp til innhold
X
Innhald

Preklusivt proklama

Preklusivt proklama, oppmoding frå arvingar eller gjenlevande ektefelle til kreditorar om å melde krava sine i dødsbuet innan seks veker frå kunngjeringstidspunktet. Går dei over fristen, fell kravet vekk (preklusjon), og ein kan med visse unntak ikkje lenger gjere dei gjeldande i buet. Ein skal rykkje inn preklusivt proklama to gonger i Norsk Lysingsblad og i minst éi avis som blir lesen på den staden der den avdøde hadde bustad eller opphaldsstad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012