Rettsinformatikk er eit fag som mellom anna gjeld rettsspørsmål om datainformasjonsteknologi og databehandling av rettsinformasjon. Faget omfattar mellom anna spørsmål som gjeld personvern, tryggleik, elektronisk handel og medierett. Det omfattar òg rettsspørsmål i samband med avtalar om datautstyr og -tenester.

Det blir forska på rettsinformatiske tema ved mellom anna Senter for rettsinformatikk ved Universitetet i Oslo, og òg ved universitetet sin Avdeling for forvaltningsinformatikk, som primært forskar innanfor området elektronisk forvaltning (eforvaltning).

Norsk forening for jus & EDB, stifta i 1980, er eit tverrfagleg forum for utveksling av kunnskapar om jus og datateknologi.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg