Hopp til innhold
X
Innhald

Selskap

Selskap, kommersiell organisasjon. Eit hovudskilje går mellom aksjeselskap og ansvarleg selskap. Dei første ligg under aksjelovene av 1997, mellom anna med reglar om stiftingsvilkår, selskapsorgan, kapital, tilsetterepresentasjon i bedriftsforsamling, revisjon, rekneskap, oppløysing osb. Dei ansvarlege selskapa er saman med kommandittselskap regulerte i selskapslova av 1985, med nærare reglar om partsforhold, ansvar for selskapsforpliktingar, selskapsorgan, rekneskapsplikt, korleis ein kan tre ut, oppløysing og avvikling, osb.
 
Både aksjeselskap og ansvarlege selskap er meldepliktige i føretaksregisteret, jamfør lov av 1985, og same stad skal ein registrere prokura og firma. Når eit selskap eig eit anna, snakkar ein om eit konsern (mor- og dotterselskap).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012