Hopp til innhold
X
Innhald

Skeivdeling

Skeivdeling, unntak frå reglane om deling av formue når eit ekteskap blir oppløyst. Utgangspunktet er at nettoformuen til ektefellane skal delast likt dersom dei har felleseige, men reglane om skeivdeling opnar for at verdiar som ein kan føre tilbake til midlar ektefellane hadde ved inngåinga av ekteskapet eller seinare har fått i arv eller gåve, kan bli haldne utanfor delingsgrunnlaget. Den av ektefellane som ønskjer skeivdeling, må setje fram krav om dette.
 
Dersom retten til skeivdeling fører til eit klart urimeleg resultat med omsyn til mellom anna lengda på ekteskapet og innsatsen til ektefellane, kan han heilt eller delvis falle vekk. Ektefellane kan ved ektepakt avgjere at reglane ikkje skal bli brukte, anten for formuen til den eine, delar av han eller formuen til begge. Jamfør elles ekteskapslova av 1991.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.01.2013