Hopp til innhold
X
Innhald

Skjøn

Skjøn, nemning på rettsleg verdisetjing ved oreigning (ekspropriasjon), som skjer ved såkalla skjønssak etter nærare reglar i skjønslova av 1917, jf. også lov om vederlag ved oreigning av fast eigedom av 1984.
 
Omgrepet blir også brukt om ei avtalt ordning for verdisetjingar i forsikring. Dette skjer i praksis ved partoppnemning av utanforståande sakkunnige som fastset omfanget på skaden. Dette har bindande verknad for selskapet og den sikra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012