Hopp til innhold
X
Innhald

Sterilisering

Sterilisering, utrydding av alle bakteriar, virus og andre mikroorganismar frå eit visst miljø, til dømes på ein reiskap som ein skal bruke til eit operativt inngrep.
 
Omgrepet blir også brukt om eit operativt inngrep som fjernar forplantingsevna til eit individ. Dette blir gjort ved at sædleiarane blir skorne over hos mannen og eggleiarane hos kvinna. Vanleg sterilisering påverkar ikkje kjønnsdrifta eller evna til å gjennomføre samleie. Personar som har fylt 25 år, kan som regel bli steriliserte etter eige ønske.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012