Hopp til innhold
X
Innhald

Styringsrett

Styringsrett, arbeidsgivaren sin rett til å ta avgjerder om organisering av arbeidet, til dømes ved fordeling av arbeidsoppgåver og gjennomføring av kontrolltiltak.
 
Styringsretten ligg til arbeidsgivaren, men det gjeld reglar om plikt til orientering, drøfting og samarbeid, mellom anna etter Hovudavtalen mellom LO og NHO. Han er også avgrensa ved lov, mellom anna ved krav om forsvarleg arbeidsmiljø og vern mot oppseiing etter arbeidsmiljølova.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012