Hopp til innhold
X
Innhald

Sympatistreik

Sympatistreik, heil eller delvis nedlegging av arbeid som blir sett i verk til støtte for ei gruppe som allereie er i streik (hovudkonflikten). Etter Hovudavtalen mellom LO og NHO kan ein berre setje i verk sympatistreik til støtte for ein lovleg hovudkonflikt og først etter at LO har gitt samtykkje.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012