Hopp til innhold
X
Innhald

Testament

Testament, utsegn om kva som skal skje med midlane til ein person (testator) etter at ho/han er død, jamfør arvelova av 1972 (kap. 8–12). Dersom testator ikkje har livsarvingar eller ektefelle, kan ho/han disponere over heile formuen sin ved testament. Har ho/han livsarvingar, kan ho/han normalt berre testamentere vekk inntil 1/3 til skade for desse. Det gjeld særreglar for testament når ein har ein gjenlevande ektefelle.
 
Eit testament skal vere skriftleg. Testator må i nærvær av to vitne personleg underskrive det eller vedkjenne seg det. Vitna skal i nærvær av testator skrive namna sine på testamentet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012