Hopp til innhold
X
Innhald

Trafikkforsikring

Trafikkforsikring, tvungen forsikring av risikoen for tap og skade som motorvogn gjer, jf. bilansvarslova av 1961. Den skadelidne får erstatning frå forsikringsselskapet uavhengig av om skadevaldaren har utvist feil eller ikkje. Den skadelidne er sikra dekning også når skaden er valda av ein som ikkje er forsikra eller av ei ukjend motorvogn. Det gjeld ansvarsgrenser ved tingskade, men ikkje for personskade.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012