Hopp til innhold
X
Innhald

Tvangsauksjon

Tvangsauksjon, auksjon som blir halden som ledd i inndriving av gjeld, og då slik at hefte med dårlegare prioritet enn det som krev tvangsauksjon, fell vekk så langt kjøpesummen ikkje gir dekning for dei. Tvangsauksjonar blir haldne av namsmakta etter krav frå kreditor, og dei følgjer nærare reglar i tvangsfullføringslova av 1992.
 
Tvangsauksjon har vorte mindre vanleg etter at lova innførte tvangssal ved bruk av medhjelpar (eigedomsmeklar, advokat osb.).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012