Hopp til innhold
X
Innhald

Tvangsfullføring

Tvangsfullføring, tvungen inndriving av krav som ikkje blir oppfylte frivillig ved forfall. Dette blir gjort av namsmakta, jamfør tvangsfullføringslova av 1992. Fullføring av pengekrav skjer normalt ved at det først blir teke utlegg i formuesgode som høyrer til skuldnaren.
 
Blir kravet likevel ikkje innfridd, kan ein gjennomføre tvangssal (som auksjon eller sal ved medhjelpar).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012