Hopp til innhold
X
Innhald

Ugyldig

Ugyldig, det at eit forvaltningsvedtak, ein avtale eller liknande har ein mangel som gjer at det ikkje får den tilsikta rettsverknaden.
 
I forvaltningsretten kan manglande lovheimel eller alvorlege sakshandsamingsfeil føre til at vedtak blir ugyldige. Det same gjeld når vedtaket er basert på utanforliggjande og dermed usaklege omsyn når det blir utøvd skjøn.
 
I kontraktretten skil ein mellom kompetansemanglar, habilitetsmanglar (medrekna umyndigheit), formfeil, manglar ved oppretting og manglar ved innhald. Ein del tilfelle som gjer avtalar ugyldige, er regulerte i kap. 3 i avtalelova 1918, og desse er mellom anna tvang, svik, utbytting, forvansking.
 
I arveretten gjeld det at testament som ikkje tilfredsstiller formkrava eller som går ut over pliktdelsreglane, blir ugyldige. Sjå elles testament.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012