Hopp til innhold
X
Innhald

Utlegg

Utlegg, panterett som oppstår ved inndriving av pengekrav eller ved fordeling av midlar på skifte (skifteutlegg). Med såkalla tvangskraftig tvangsgrunnlag kan ein gjere beslag (utleggspant) i eigedelane til den saksøkte (debitor) til dekning av fordringar som saksøkaren (kreditor) har til gode. Framgangsmåten ved utlegg er regulert i tvangsfullføringslova av 1992.
 
Reglar om kva ein kan ta utlegg i, er gitte i dekningslova av 1984. Lova gjer unntak for det debitor treng til livsopphald.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012