Hopp til innhold
X
Innhald

Utleveringsforretning

Utleveringsforretning, tvangsfullføring av salspant ved misleghalde kredittkjøp. Dette vil seie at det som er selt, blir verditaksert av namsmakta, og at verdien blir godskriven kjøparen ved utlevering til salspanthavaren (dvs. seljaren eller den långivaren som måtte ha salspant). Seljaren (eller långivaren) skal på si side få godskrive forfalne avdrag, renter, forsikringspremiar og sakskostnader.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012